Arbeidstrening

Kven er tilbodet for?

Tilbodet er for elevar med spesielle behov knytt til læring og sosial kompetanse. Desse elevane har behov for tilrettelegging utover det som dei kan få i ordinære klassar. Elevane har generelle, samansette og spesifikke lærevanskar og har difor behov for opplæring i grupper med redusert elevtal.

Opplæringa er retta mot trening på daglege gjeremål og arbeidstrening som førebur til tilrettelagt arbeid eller deler av arbeid i ordinær bedrift. 

Opplæringa skil seg frå ordinær opplæring i alle fag og gir ikkje grunnlag for vurdering med karakter. Sluttkompetanse er grunnkompetanse med kompetansebevis som dokumenterer opplæringa eleven har fått i vidaregåande skule. Skulen utarbeider individuell opplæringsplan (IOP) for den einskilde eleven. 

 

Målsetting

Målsettinga med denne opplæringa er å bidra til at eleven får eit verdifullt liv saman med andre, samt gje sjansen til å byggje relasjonar og nettverk. 

Elevane skal etter avslutta skulegang kunne gå over i tilrettelagt arbeid med bistand. Nokre av elevane kan ha føresetnader for å delta i ordinært arbeid. 

 

Organisering i ulike programområde

Elevane er organiserte i grupper utifrå ulike programområde. Vi tilbyr restaurant- og matfag (RM), Sal, service- og reiseliv (SSR) og Handverk, design og produktutvikling (HDP). I tillegg er ein del elevar utplasserte i arbeidslivet (Praktisk yrkeserfaring).

 

Gruppestorleik

Gruppene består av 6-10 elevar frå alle årskull.  Det einskilde faget avgjer kor mange elevar som er i kvar gruppe.

 

Rom 

Gruppene disponerer klasserom, grupperom, verkstad, fellesrom, eige treningskjøkken og skulekantina sitt storhushaldningskjøkken 

 

Fag og timetal 

Alle elevane på Arbeidstrening har fellesfaga norsk, matematikk, engelsk, naturfag og samfunnsfag kvar veke. Fellesfaga er kopla tett opp til programfaget eleven har valt.  Alle elevane har også to veketimar med kroppsøving. Omfanget er 981 årstimer. 

Ved spørsmål knytta til hospitering, utdanningsval og praksis, ta kontakt med avdelingsleiar Karoline Olaisen , tlf 97790346.