Arbeidstrening

Kven er tilbodet for?

Tilbodet er for elevar med spesielle behov knytt til læring og sosial kompetanse. Desse elevane har behov for tilrettelegging utover det som dei kan få i ordinære klassar. Elevane har generelle, samansette og spesifikke lærevanskar og har difor behov for opplæring i grupper med redusert elevtal.

Opplæringa er retta mot trening på daglege gjeremål og arbeidstrening som førebur til tilrettelagt arbeid eller deler av arbeid i ordinær bedrift. 

Opplæringa skil seg frå ordinær opplæring i alle fag og gir ikkje grunnlag for vurdering med karakter. Sluttkompetanse er grunnkompetanse med kompetansebevis som dokumenterer opplæringa eleven har fått i vidaregåande skule. Skulen utarbeider individuell opplæringsplan (IOP) for den einskilde eleven. 

Målsetting

Målsettinga med denne opplæringa er å bidra til at eleven får eit verdifullt liv saman med andre, samt gje sjansen til å byggje relasjonar og nettverk. 

Elevane skal etter avslutta skulegang kunne gå over i tilrettelagt arbeid med bistand. Nokre av elevane kan ha føresetnader for å delta i ordinært arbeid. 

Organisering i ulike programområde

Elevane er organiserte i grupper utifrå ulike programområde. Vi tilbyr restaurant- og matfag (RM), Sal, service- og reiseliv (SSR) og Handverk, design og produktutvikling (HDP). I tillegg er ein del elevar utplasserte i arbeidslivet (Praktisk yrkeserfaring).

Gruppestorleik

Gruppene består av 6-10 elevar frå alle årskull.  Det einskilde faget avgjer kor mange elevar som er i kvar gruppe.

Rom 

Gruppene disponerer klasserom, grupperom, verkstad, fellesrom, eige treningskjøkken og skulekantina sitt storhushaldningskjøkken 

Fag og timetal

Elevane på Arbeidstrening har fellesfaga norsk, matematikk, engelsk, naturfag, samfunnskunnskap og kroppsøving, i tillegg til programfaget eleven har valt. Elevane har også YFF, organisert i intern og/eller ekstern praksis. Omgang er på 981 årstimar.

Hospitering

Før eleven søker om skuleplass, kan det vera nyttig å hospitere for å bli betre kjent med opplæringstilbodet.

Ved spørsmål eller avtale om hospitering for elevar i 9. og 10. trinn, ta kontakt med Janne Idsø Nordbø, tlf. 952 38 399 / mail: janne.idso.nordbo@skole.rogfk.no eller Turid Oslandsbotten Bilstad, tlf. 996 05 042 /mail: turid.oslandsbotten.bilstad@skole.rogfk.no