Feiring av skulehistorie

21. februar feirar me skulehistoria til Bryne vidaregåande skule. 

Annonse for program for feiring av skulehistorie 21. februar 2024.

I år er det 10 år sidan Time og Bryne vart slått saman til ein skule. Begge desse skulane ville kvar for seg hatt jubileum i år. Det er 100 år sidan Rogaland landsgymnas vart etablert og 60 år sidan Bryne yrkesskule (som seinare vart Time vidaregåande skole) starta opp.

Alt dette blir feira 21. februar frå kl. 11.45 til 15.00 med ulike aktivitetar som til dømes premiere på jubileumsfilm, omvising på skulen og føredrag.  

Påmelding for eksterne innan 14. februar til helena.myhre@skole.rogfk.no