Angåande siste skuledag før jul

 

Bryne vgs. har til no hatt 3 smittetilfelle av covid-19 på skulen. Ingen av dei 3 har blitt smitta av kvarandre og dei har ikkje blitt smitta på skulen. Det er heller ingen av dei smitta som har smitta andre på skulen, slik vi veit om i dag.

Somme ønskjer å få fri 22.desember grunna dei er redde for smitte. Det er berre Kunnskapsministeren og smittevernlækjar som kan stenge skulen. Det er heller ikkje lov å innføre digital undervising siste dagen som førebyggjande tiltak. Fylkesmannen ser til at elevar får det tal dagar undervising dei har rett på. Det er fleire årsaker til dette. Koronaperioden har vist at langt fleire elevar har opplevd heimeskule som problematisk. Skulen er ein trygg og god stad å vere og mange ønskjer å delta i skuleaktivitetar og det sosiale samhaldet som skjer siste skuledag.  Bryne vgs gjennomfører difor 22.desember som planlagt, og det er i tråd med nasjonale retningslinjer.