Brukerundersøking blant elevar i vidaregåande skule

I løpet av veke 44, 45 og 46 blir alle elevar på Bryne vgs. inviterte til å delta på Utdanningsdirektoratet si brukerundersøking.

Kva er føremålet?

Føremålet med Utdanningsdirektoratet sine brukarundersøkingar er at elevar, lærarar og føresette skal få seie si meining om læring og trivsel på skulen. Resultata frå brukarundersøkinga vert ikkje sletta, men vert lagra forskriftsmessig, og nytta av skular, skuleeigarar og den statlege utdanningsadministrasjonen som ei hjelp til å analysere og utvikle læringsmiljøet. Data frå undersøkingane kan også bli brukte til forskingsføremål. Delar av resultata frå Elevundersøkinga vert publisert på Skoleporten.

Korleis vert undersøkingane gjennomført?

Brukerundersøkingane kan gjennomførast både vår og haust. På hausten er det obligatorisk for kommunane/fylkeskommunane/skulane å gjennomføre Elevundersøkingane. Skulene kan i tillegg velge å gjennomføre Foreldreundersøkinga og Lærarundersøkinga. Gjennomføring av brukerundersøkingane på våren er eit frivillig tilbod til dei skulene som ønskjer det.

Det er frivillig å svare på undersøkingane, og du kan velge å hoppe over spørsmål viss du opplever nokon av dei som ubehagelige, eller det er nokon spørsmål du ikkje vil svare på.

Behandlingsansvar og personvern

Den behandlingsansvarlege har ansvaret for å sikre at opplysningane blir behandla i samsvar med krava i personopplysingslova av 14. april 2000 nr. 31. Det er kun den behandlingsansvarlege som har tilgang på grunnlagsdataa.

Utdanningsdirektoratet har delt behandlingsansvar med skuleeigarane for Foreldreundersøkinga og Lærerundersøkinga. Frå og med hausten 2008 er Utdanningsdirektoratet aleine behandlingsansvarleg for dei opplysningane som vert behandla i Elevundersøkinga. Sidan berre Utdanningsdirektoratet har behandlingsansvar for Elevundersøkinga, har direktoratet tatt alle forholdsreglar for å ivareta full konfidensialitet under behandlinga av grunnlagsdata fra Elevundersøkelsen.

Den som svarer, oppgir ikkje namn, og det er lagt opp til svært strenge reglar for vising av resultat frå undersøkingane både til skulane sjølve, skuleeigarane og dei statlege utdanningsmyndighetene. Dette er gjort for å redusere faren for indirekte gjenkjenning av personar som har svart.

Har du spørsmål?

For meir informasjon, kontakt skulen din eller Utdanningsdirektoratet. Du finn også mykje informasjon på http://www.udir.no/undersokelser

 

Kontaktinformasjon:

Bryne vidaregåande skule

v/Siv Helland

siv.helland@skole.rogfk.no

Tlf. 51 92 31 03

eller

Utdanningsdirektoratet

Postboks 9359 Grønland

0135 Oslo

Tlf. 23 30 12 00 post@udir.no