– Me følger smitteutviklinga nøye, og skulane førebur seg på at det kan skje raske endringar som bringer oss over i rødt nivå. Rødt nivå betyr imidlertid ikkje at skulane stenger, seier fylkesdirektør for opplæring Joar Loland.
Han opplyser at Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet og Utdanningsdirektoratet er tydelege på at rødt tiltaksnivå for videregåande skular skal målrettast mot der smitten skjer, og berre innførast i kommunar med høgt smittenivå.
– Skulestenging skal ikkje brukast som eit førebyggande tiltak. Det må takast med i vurderinga at det å vere til stades på skulen er viktig for ungdommar si utdanning, utvikling og sosiale liv, seier Loland.
Ei eventuell innføring av rødt tiltaksnivå bør skje etter dialog mellom fylkeskommunen som skuleeigar og lokale helsemyndigheter. Per no er det fire område i Norge som er definert på rødt nivå: Oslo, Ullensaker, Drammen og Bergen. Der skal dei vidaregåande skulane setje inn stramare smitteverntiltak, men ikkje stenge ned.
– Skulane i fylka Viken og Troms og Finnmark ønska å stenge ned i forrige veke. Dei fikk då beskjed frå Utdanningsdirektoratet om at dei måtte åpne igjen, opplyser Joar Loland.
Han legg til at han forstår at både foreldre, lærere og elevar kan vere bekymra for smittesituasjonen.
– Det er heldigvis få smitteutbrudd i skulene våre, og det er betryggande å høyre at helsemyndigheiter karakteriserer skulene som blant dei tryggaste stadene å opphalde seg. Men det er viktig at alle følger smitteverntiltaka, og at skulene legg til rette for at det lar seg gjennomføre.
På gult nivå gjeld følgjande smitteverntiltak:
· Ingen sjuke skal møte på skulen
· God hygiene og forsterka reinhald
· Kontaktreduserande tiltak:
o Unngå fysisk kontakt mellom personar som handhelsing og klemming
o Elevar bør ha faste plassar i kvart klasserom eller faste samarbeidspartnarar/-grupper
o Lærarar kan veksle mellom klassar, men bør halde avstand til elevar så langt det er mogleg
o Utanfor klasserommet skal elevar og tilsette halde 1 meters avstand
o Unngå trengsel og å samlast i store grupper
Les meir på nettsida til Helsedirektoratet. Sjå gjeldande smitterettleiar for meir informasjon om drift av dei vidaregåande skulane. Sjå også informasjon for elevar, føresette og skular på temasida vår om koronasituasjonen.