Digital undervisning viss busstreiken treff Rogaland

Streiken i kollektivtrafikken kan frå lørdag 26. september bli trappa opp, og setje kollektivtransporten i Rogaland ut av spel. Det inneber i tilfelle hovudsakleg digital undervisning ved dei videregåande skulane frå måndag 28. september. Elevane vil få undervisning heime, men kan også møte på skulen viss dei kan kome seg dit. 

Skulen vil koma med melding klokka 11 fredag, om kva me gjer viss det vert busstreik.

Den varsla streiken vil kunne berøre all kollektivtrafikk i Rogaland, og gjere det vanskeleg for elevar og medarbeidarar å kome seg til skulen.

For informasjon om konsekvensar for kollektivtrafikken, følg med på kolumbus.no

Slik blir skolekvardagen ved ein eventuell streik

Undervisninga ved dei fylkeskommunale videregående skolene blir som hovedregel digital.

  • Elevar får undervisning digitalt heime. Det blir ikkje ordinær undervisning på skolen.
     
  • Elevar som ønskjer, kan kome og følge den digitale undervisninga i lokale på skulen. Husk at du må følge gjeldande smittevernreglar. 
     
  • Medarbeidarar kan undervise digitalt frå heimekontor. Dei som har behov/ønskjer det, kan bruke eigne arbeidsrom på skulen.

Verkstadundervisning og anna praktisk opplæring

  • Elevar som har praktiske fag må følge eigne beskjedar frå skulen.  

Tilrettelagd opplæring

  • Elever med tilrettelagd opplæring får opplæringstilbod som normalt, viss dei har tilbod om skyss eller klarer å møte på skulen.

Fravær

  • Fråvær frå undervisninga blir registrert, men kjem ikkje på vitnemålet.

Vi ber alle skuleelevar om å halde seg oppdatert på situasjonen ved å følge med på nettsida til Kolumbus, www.kolumbus.no, i sosiale medium og på skulen sine nettsider.

Dersom det ikkje blir streik, eller når streiken vert avslutta, vil undervisninga gå som normalt.