Digitalt informasjonsmøte om russetida

Fotograf: Landstreff Stavanger, Christin Zervos   

Tysdag 18. januar arrangerte Rogaland fylkeskommune digitalt informasjonsmøte om russetida 2022. Sjå møtet i opptak.

Kort om møtet

Dei siste åra har russefeiringa endra seg. Fleire elevar melder om ein buss- og gjengkultur som verker ekskluderande og som gjer russetida utrygg. Rogaland fylkeskommune vil, som skuleeigar, vere ein heiagjeng for dykk foreldre, for at ditt barn skal ha ei best mogleg russetid i år eller seinare.

I møtet vil me ha med elevar, politiet, mobbeombudet, helsesjukepleiar og en rektor.

Sjå opptak frå møtet

Du kan sjå heile møtet i opptak. Her vil du blant annet få høre frå elevar og russepresidentar, politiet, mobbeombudet for vidaregående skular, helsesjukepleia og rektor.

Kontaktinformasjon

Har du spørsmål kan du stille dei til:

Hilde Blesvik
E-post: hilde.blesvik@rogfk.no