Elevar kan kome på skulen medan dei venter på svar på test 2

 

Det har vore litt forvirring blant elevar som havna i ventekarantene etter smitten i russemiljøet om dei kan kome på skulen når dei venter på resultat frå test nr 2.

Smittevernlege seier at elevar som tek test nr 2 ikkje treng vere i karantene til svar foreligg

Smittevernkontor har sagt til elevar i ventekarantene at dei ikkje kan kome på skulen medan dei ventar på svar på test nr 2. Det stemmer ikkje. Smittevernlege seier dei kan kome. Dette gjeld ventekarantene-elevane. Nærkontaktelevane må vere i karantene heilt til svar på test 2 foreligg.