Elevrådsleiaren ønskjer at alle skal føle seg sett

 

 

-Elevrådet er opptekne av det sosiale, og me vil at alle skal føle seg sett i skulekvardagen, seier elevrådsleiar Aud Solheim. -Sidan skulen er så stor, ønskjer me å setje inne store og små tiltak for å forbetre klassemiljøa. Eit av tiltaka er friminuttsaktivitetar, som bordtennisturnering og sjakkturnering. 

Aud går på studiespeialiserande vg1, og tok over leiarvervet ved årsskiftet, etter Tuva Retterholt Berge. Før det hadde ho eit halvår som nestleiar, noko ho ser på som ei nyttig erfaring for å lære. Ho synest det har gått greit å overta leiarvervet, sjølv om det er ein del arbeid. Noko av det ho brenn mest for når det gjeld elevrådsarbeid er nettopp dette; at alle skal føle seg sett i skulekvardagen. Aud skryt av dei trivselsansvarlege i elevrådet, og har trua på at dei vil få til gode arrangement, og trur at mange vil ha glede av å ha noko å gjere i friminutta.

Elevrådsleiaren ønskjer at klassane kjem til elevrådet med det dei er opptekne av, og at dei opplever at elevrådet tek tak i sakene deira. Elevrådet er valde for ein grunn, og vil at resten av skulen skal oppleve at dei står på for alle elevane. Til dømes har elevrådet fått tilbakemelding på at dei bør gjere nokre tiltak for å betre klassemiljøet på studiespesialiserande vg1. Dette er klassar som skal gå saman i tre år, og som nesten berre har teoretiske fag i lag. Styret skal difor arrangere ein aktivitetsdag for desse klassane, der dei får reise til Fangene på fortet i Stavanger, og forhåpentlegvis få ei gild oppleving i lag, og eit betre klassemiljø. Elevrådet har søkt om og fått pengar frå Elevorganisasjonen, som dei vil bruke på dette. 

Elevrådet har også fokus på elevmedverknad. Dei samarbeider med rektor, og har delteke på læringsråd. Aud synest det er positivt at dette er noko rektor og skulen er opptekne av, og trur at det å vere med å påverke si eiga læring, også har positiv innverknad på elevane si læring.