Elevundersøkinga er ei årleg undersøking der elevar får sei sin meining om læring og trivsel i skulen. Svara blir brukt av skulen, kommunen og staten for å følge opp skulemiljøet og elevane sin trivsel.
Det er frivillig å svare på Elevundersøkinga, og det er også mogleg å hoppe over spørsmål. Elevane oppgir ikkje namn, og det er ikkje knytta personnummer til svara. Det er difor vanskeleg å finne ut av kven som har svart kva i undersøkinga.
Derfor er det svært strenge reglar for visning av resultat frå undersøkinga til skulen, skuleeigar og dei statlege utdanningsmyndigheitene. Resultat frå undersøkinga skal ikkje publiserast på ein måte som gjer det mogleg å gjenkjenne elevane sine svar. Utdanningsdirektoratet har ansvaret for at svara i Elevundersøkelsen blir lagra og brukt på rett måte. Svara frå Elevundersøkinga blir lagra så lenge det er nødvendig, og svara kan bli brukt til forsking og statistikk og dei kan bli lagra i arkiv. Statistikk frå undersøkinga er tilgjengeleg på udir.no.
Her kan du lese meir om elevundersøkinga (PDF, 48 kB)
Har du spørsmål?
For meir informasjon, kontakt skulen din eller Utdanningsdirektoratet. Du finn også mykje informasjon på http://www.udir.no/undersokelser