Elevundersøkinga hausten 2026

I løpet av veke 43, 44 og 45 blir alle elevar på Bryne vgs. inviterte til å delta på Elevundersøkinga. 

Elevundersøkinga er ei årleg undersøking der elevar får sei si meining om læring og trivsel i skulen. Svara blir brukt av skulen, kommunen og staten for å følge opp skulemiljøet og elevane sin trivsel.

Det er frivillig å svare på Elevundersøkinga, og det er også mogleg å hoppe over spørsmål. Elevane skal ikkje skrive namn, og det er ikkje knytt personnummer til svara. Det er difor vanskeleg å finne ut av kven som har svart kva i undersøkinga. 

Det er svært strenge reglar for visning av resultat frå undersøkinga til skulen, skuleeigar og dei statlege utdanningsmyndigheitene. Resultat frå undersøkinga skal ikkje publiserast på ein måte som gjer det mogleg å kjenne att elevane sine svar. Utdanningsdirektoratet har ansvaret for at svara i Elevundersøkinga blir lagra og brukt på rett måte. Svara frå Elevundersøkinga blir lagra så lenge det er nødvendig, og svara kan bli brukte til forsking og statistikk. Dei kan også bli lagra i arkiv. Statistikk frå undersøkinga er tilgjengeleg på udir.no.

 

Har du spørsmål om Elevundersøkinga?

For meir informasjon, kontakt skulen eller Utdanningsdirektoratet. Du finn også mykje informasjon på http://www.udir.no/undersokelser

 

Informasjon til foreldre

 

Information for parents