Foreldremøte om fagval

   

 

 

Torsdag 26. november kl 18:00 er det foreldremøte for dei som har elevar på Vg1 Studiespesialiserande utdanningsprogram på Bryne vgs. Temaet for møtet er fagvalet elevane skal gjere for neste skuleår.

Dei må velje mellom Realfag og Språk, samfunnsfag, økonomi. Innan dei hovudområda kan dei velje ulike fag. I møtet vil det bli informasjon frå rådgjevar, trinnansvarleg for Vg1 og ansvarleg for fagvalget. Det vil vere mogleg å stille spørsmål undervegs.

For å avgrense talet på personar, set vi grense på at kun ein av foreldra/føresette kan møte.

Vi må vite kven som kjem på møtet, og gjennomfører difor påmelding i skjemaet nedføre. Kryss av for om du ønskjer å kome på møtet. Skriv også namnet ditt

 

Meld deg på her (lenka til påmelding er oppdatert, og skal no virke)

Det blir også mogleg å følge møtet via Teams.