Temaet for møtet er fagvalet elevane skal gjere for neste skuleår. Dei må velje mellom Realfag og Språk, samfunnsfag, økonomi. Innan dei to hovudområda kan dei velje ulike fag.
I møtet vil det bli informasjon frå trinnansvarleg for Vg1, Randi Hadland, rådgjevar Tove Iren Lea, og ansvarleg for fagvalet, Ole Martin Hillesund.
Møtet skal vere i auditorium A10401
Les meir om studiespesialisering her: https://www.bryne.vgs.no/hovedmeny/utdanningstilbod/studiespesialisering/