Foreldremøte

Tysdag 17. november kl 17.00 blir det foreldremøte for dei som har elevar på Vg1 Studiespesialiserande utdanningsprogram på Bryne vgs. Møtet skal vere i auditorium A10401.

 

Temaet for møtet blir fagvalet elevane skal gjere for neste skuleår. Dei må velje Realfag eller Språk, samfunnsfag, økonomi. Innan dei to hovudområda kan dei velje ulike fag.

I møtet vil det bli gitt informasjon frå trinnansvarleg for Vg1, Randi Hadland, rådgjevar Tove Iren Lea,  og ansvarleg for fagvalet, Ole Martin Hillesund. 

Les meir om studiespesialisering her: https://www.bryne.vgs.no/hovedmeny/utdanningstilbod/studiespesialisering/