Handtering av følger av busstreiken ved dei fylkeskommunale vidaregåande skulane i Rogaland -gjeldande fra tysdag 29.09.

 

Måndag 28.september er det gjennomført møte med fylkesmannen i Rogaland, rektorane i Rogaland fylkeskommune, og drøftingsmøte med dei fylkeshovudtillitsvalde. Konklusjonen og avgjerda til fylkesrådmannen etter desse dialogane, er at det blir vanleg undervisning ved skulane, med nokre tilpassingar. Dette gjeld så lenge streiken varer.

Alle elever vert oppfordra til å gå, sykle eller finne andre alternative transportmåtar. Føresette vert oppfordra til å hjelpe til med transport så langt det lar seg gjere. Elevar som likevel ikkje klarer å kome seg til skulen, har sjølv ansvar for å følgje opp skulearbeidet i tråd med beskjed fra faglærar. Elevar har ansvar for å gjennomføre vurderingssituasjonar trass streik. Elevar under 18 år må ha skriv frå føresette om at dei ikkje kan møte.

Elevar med tilrettelagd opplæring får opplæringstilbod som normalt, dersom dei har tilbod om skyss, eller klarer å møte på skulen på annan måte.

 

Fråværsføring

Elevfråvær skal varslast til skulen etter vanlege rutinar. Fråvær for elevar som ikkje kan møte til undervisninga grunna streiken skal registrerast, men kjem ikkje på vitnemålet.

Tilsette ved skulane og elevar sitt ansvar:

Tilsette som ikkje kan kome på jobb grunna streiken, må avtale digital undervisning. Alle lærarar må informere elever som evt. ikkje kan møte om kva dei skal gjere. Dersom informasjon ikkje kjem fram, har eleven eit ansvar for å etterspørje informasjon frå medelevar eller sende e-post til lærar, og slik setje seg sjølv i stand til å gjennomføre skulearbeidet. Det er ikkje forventa at lærarane skal undervise både på nett og i klasserom. Rektor ønskjer ikkje at vurderingssituasjonar skal utsetjast som følge av streiken.

Mbh Ingunn Folgerø – rektor Bryne vgs