Helsing frå elevrådsleiaren

 

Hei, nye og gamle elevar på Bryne vgs!

 

 

  

 

Eg heiter Tuva, og er elevrådsleiar på Bryne vgs. Hausten 2020 vart eg valt til nestleiar, og ved årsskiftet fekk eg gleda av å bli elevrådsleiar.

Me i elevrådet på Bryne vgs. har som mål å gjere skulen betre, og til dette treng me innspel frå elevane sjølv. Fokuset vårt i fjor var å skape ein trygg og god skule for alle.

Me er fortsatt i ei litt spesiell tid med tanke på korona, men me håper at både elevar og lærarar dette året kan ha ein mest mulig normal skulekvardag.

Eg håper at så mange som mulig har lyst til å vere med og gjere denne skulen til å bli den beste i landet. Me håper at du blir med og bidreg i klassen din og i skulemiljøet, og at me får gode, engasjerte tillitsvalde i klassane. Det er berre me elevar som kan gjere skulen best mulig for oss sjølv og kvarandre.

Gler meg til å sjå både gamle og nye elevar engasjere seg for ein best mulig skulekvardag!