Informasjon frå Lånekassen

  

Mange studentar og elevar har mista inntekt frå deltidsjobbar som følgje av koronasituasjonen. Lånekassen jobbar med tiltak for å hjelpe elevar og studentar som er i ein vanskeleg økonomisk situasjon. I den samanheng ber Lånekassen om at lærestadene rettleier elevar og studentar som har spørsmål om tiltaka, og dei som treng hjelp i søknadsprosessane. 

Regjeringa har lagt fram tre forslag til tiltak gjennom Lånekassen:

  • Lånekassen utbetaler resten av studiestøtta for semesteret i april
  • Fristen for å søkje lån og stipend er utvida til 15. april
  • Studentar som har mista inntekt kan søkje om å få eit tilleggslån på 26 000 kroner. Søknaden opnar i mai.

 

Del informasjon om tiltaka i dykkar kanalar

Lånekassen oppmodar lærestadene til å informere elevane og studentane sine om at utbetaling av studiestøtte for resten av semesteret vil skje i april. For å gjere dette enklare har vi vedlagte bilde som de kan dele i dykkar interne kanalar, for eksempel Facebook, Instagram eller andre sosiale media. Del gjerne også lenka ovanfor med dykkar elevar/studentar. 


Med vennleg helsing
Lånekassen