Informasjon om OD-dagen

Elevane på Bryne vgs. skal delta i Operasjon Dagsverk (OD) torsdag 3.november. OD-dagen i år er dedikert til å framheve psykisk helse for ungdom i Uganda.

Pengane skal gå til å gjere det lettare for ungdom å ta opp/ta kontakt med andre slik at dei kan få hjelp. På grunn av skam er det ikkje vanleg å snakke om psykiske helseproblem i Uganda. Dette fører til at mange unge står åleine i vanskelege følelsar, og det gjer at mange ikkje får fullført skulegangen og hindrar dei i å få ei god framtid. I år handlar Operasjon Dagsverk om å bryte ned skam og gje ungdom som slit fagfolk å snakka med. Det er berre 35 psykologar i Uganda, og med eit folketal på 45 millionar menneske er det eit tydeleg teikn på at yrket er underbemanna.

Tre mål 

Prosjektet har tre mål:

  • Normalisere mentale helseproblem og bryte ned stigma
  • Sikre eit tilgjengeleg psykisk lågterskeltilbod
  • Påverke politikarane i Uganda til å prioritere unge si psykiske helse

Gjennomføring av dagen

Du har to alternativ:

1. Jobbe og tene minimum kr. 400,- til inntekt for psykisk helse i Uganda (skal betalast via spleis)

2. Vera med på alternativt opplegg på skulen

Tillitsvaldt i klassen får ei klasseliste. Der skal det kryssast av om du skal jobbe eller om du skal følge alternativt opplegg på skulen. Siste frist for å levere inn listene er 28.oktober.

Opplegg på skulen

Alternativ opplegg på skulen er obligatorisk viss du ikkje skal jobbe og betale via spleis. Opplegget skal ha årets prosjekt som tema og vil bli organisert av skulen.

Korleis samle inn penger?

Du kan tene pengane i ein jobb du har frå før, du kan finne deg jobb for dagen, selge ting/bakst eller du kan avtale med familie eller andre om plikter du kan gjere.

Betaling

Om du vel å jobbe er minimumsbeløpet du skal betale 400 kroner. Lenka til spleis finn du på It’ s Learning, i faget Bryne vgs Info.

Du kan betale til spleis med Vipps, kort eller faktura.

NB! Hugs å registrer deg med namn og klasse (bak namnet).