Informasjon om testing og gjeldande reglar for smitta og nærkontaktar

For å hindre at mange blir smitta er det viktig at alle kjenner til kva ein skal gjera ved symptom eller om ein er nærkontakt.

Ved symptom kan elevar hente hurtigtest i informasjonen på skulen. Kvar kommune har dessutan utlevering av gratis hurtigtest fleire stader - sjekk  kommunen sine heimesider.

Ved fråver frå skulen på grunn av mistanke om smitte skal elevar tilbake på skulen så fort som mogleg etter negativ test.

Her finn du informasjon om kva du skal gjera dersom du er smitta av covid-19 eller er nærkontakt til nokon som er smitta

Informasjon til smitta og nærkontaktar (PDF, 166 kB)