Innlogging og tilgang for føresette i det skuleadministrative systemet vårt (VIS)

 

Skulen har begynt å bruke det skuleadministrative systemet Visma InSchool (VIS). Du som føresett får ein eigen tilgang til systemet for å sikre samarbeidet mellom heim og skule.

Målet med VIS er å legge til rette for, og møte, skulen sitt framtidige behov ved å:

· fornye, forenkle og forbetre arbeidsdagen til elevar, lærarar og skuleadministrasjonen

· legge til rette for kommunikasjon mellom skulen og heimen

· digitalisere skuleadministrasjon – gje meir elektronisk, automatisert og effektiv arbeidsflyt

· gje oversikt over at elevane har fått den opplæringa dei har krav på

 

Korleis logger eg inn?

Du kan logge deg inn i VIS frå og med 16. august 2021..

Bruk ID-porten for å logge deg inn. Du kan velge om du vil logge deg inn med MinID, BankID, BankID på mobil, Buypass eller Commfides. Hugs at du må logge inn kvar gang du bruker systemet. Det er omsynet til sikkerhet som er grunnen til det.

Innlogging VIS - Bryne vidaregåande skule

 

Register dine kontaktopplysningar

VIS henter namn og folkeregistrert adresse til eleven sine føresaette med foreldreansvar frå Folkeregisteret. Eventuell e-postadresse og telefonnummer blir henta frå kontakt- og reservasjonsregisteret for dei som ikkje har reservert seg.

Føresette kan sjølv legge til e-postadresse og telefonnummer i VIS.

Det er viktig at føresette sine kontaktopplysningar er registrert i VIS slik at dei kan motta nødvendig informasjon frå skulen, mellom anna i samband med beredskap.

Vi set pris på, og ber om at du legg inn opplysningane så raskt som mogleg.

Er du føresett til elevar som går på forskjellige skular? Då ber vi deg om å registrere dine kontaktopplysningar på kvar enkelt skule.   

Elevar over 18 år

Føresette til elevar over 18 år må signere eit samtykke for at vi skal kunne legge inn føresette og personopplysningar i systemet. Dette vil gi føresette mulighet til å logge seg inn i VIS, og opne for at skulen kan dele opplysningar om elevar som er over 18 år. Eleven må også gi samtykke før føresette kan få tilgang i VIS.  

 Samtykkeerklæring for føresette/elev over 18 år

Signert samtykke frå elev og føresett må leverast til Informasjonen på skulen (gjeld for elevar over 18 år). 

 

Kva får du tilgang til som føresett?

Føresette med foreldreansvar for elevar under 18 år får tilgang til:

 

  • Eigne kontaktopplysningar
  • Timeplan
  • Historikk
    (oppsummert fråvær, halvårs-, standpunkt- og eksamenskarakterar, samt om eleven har skifta skule eller avbrutt utdanninga)
  • Læreplan

 

Føresette til elevar over 18 år får ikkje automatisk tilgang til informasjon i systemet.  Det er eleven sjølv som gir og godkjenner tilgangen til føresette i VIS. Eleven kan gi føresette tilgang til punkta over. Hugs at samtykke må leverast først.     

 

Problem med å logge deg inn eller få tilgang?

VIS har støtte for siste versjon av nettlesarane Chrome, Safari, Microsoft Edge og Firefox. Bytt nettleser om du opplever problem med pålogging (gjerne Chrome sidan testinga føregår i denne nettlesaren). Dersom du framleis ikkje greier å logge deg inn, anbefaler vi deg å ta kontakt med skulen bryne-vgs@skole.rogfk.no 

 

Korleis bruker eg VIS?

Systemet er oversiktleg og greit å bruke. Det skal vere enkelt for deg som føresett å finne fram. Sjå gjerne videoen som gir deg kort informasjon om korleis du bruker systemet.

 

 

Les om behandling av personopplysningar i personvernerklæringen.