Det er fleire av dykk som er kritiske til at skulen har ope og det forstår eg godt. Likevel er det slik at det nasjonale smittevernarbeidet må etterlevast rundt om i landet. Når styresmaktene har bestemt at skulen skal vere open, skuldast det såkalla forholdsmessighet. Det inneber at dei positive konsekvensane av ei nedstenging vert målt opp mot dei negative konsekvensane. Erfaringane i koronapandemien så langt, har vist at heimeskule har store negative konsekvensar. Elevane mistar motivasjon, fleire droppar ut, mange kjenner på einsemd, mange tykkjer det er vanskeleg å ikkje kunne snakke med læraren i timen utan at alle høyrer i plenum kva som vert sagt, læringsutbytet vert dårlegare og fleire får vanskar med psykisk helse. Desse erfaringane ligg til grunn når regjeringa vurderer tiltak. Skulen er open sjølv om det er raudt nivå, fordi ein vurderer det som særs viktig for dei fleste elevane. Fritidsaktivitetar og anna er stengt ned for å avgrense omfanget av sosial samhandling til ein arena; skulen.
Me forstår uroa, og på skulen har me gjort mange smitteverntiltak. Det er plass til elevane i klasseromma dersom elevane tek ansvar for ikkje å flytte på pultane. Dette har me målt. Me har endra klasserom for dei som har dei minste klasseromma. Det er svært viktig at alle tek ansvar for å halde 1-meteren. Om du sjølv ikkje er redd, er det medelevar som er det. Du må ta ansvar for både deg sjølv og andre.
Det er mange som trur at lærarar eller rektor kan stenge skulen eller ha heimeundervising på tidspunkt ein skulle vore på skulen. Det har me ikkje lov til. Måten me organiserer skulen på er ein konsekvens av skulens tildelte handlingsrom frå styresmaktene og smittevernlækjars avgjerder.
Eg håpar me klarer å kome oss gjennom dette saman. Seinare i veka får me vite om raudt nivå vert vidareført og då veit me korleis det vert neste veke.
Eg er stolt og takksam for at de deltek i dette arbeidet og håpar innsatsen gjer at me ser reduksjon i smittetal denne veka.
Beste helsing rektor.