Kjære alle elevar!

  

Godt nytt år!

Velkomen attende til skulen måndag 4.januar.

Kommunelækjar og fylkesdirektør har gjeve melding om at smitteverntiltaka vert som før juleferien.

 

Me minner dykk om å vente på tur før de går inn i kantina, og at berre dei som skal kjøpe noko går inn i sjølve kantinebutikkområdet. Me ber også om at de respekterer avstandsmarkeringa, og ikkje flyttar stolar nær kvarandre i sitjeområdet.

To elevar testa positivt julaftan, men smittevernteamet i Stavanger kom til at dei ikkje var smitta på skulen. Etter det har me ikkje hatt nye smittetilfelle.

 

Me gler oss til å ta imot dykk.

 

Oppdatering:

Time kommune skal ha beredskapsmøte i kveld klokka 19.30, etter regjeringa sin pressekonferanse. Viss det blir endringar som påverker skulen, legg me ut desse i kveld, etter klokka 21.