Meld frå om karantene eller smitte

Science Photo Library/NTB Scanpix   

Informasjon frå rektor:

Skulen held seg til info frå fylkeskommunal beredskapsgruppe når det gjeld Koronavirus.

Kvar av dykk som har vore i kontakt med folk som er smitta eller av andre årsaker er uroa for om de kan vere i faresone, må undersøke dette med testpersonell/eigen lækjar i din kommune. Det er dei som eventuelt set dykk i karantene og skal melde frå til skulen. Me vil også at dei av dykk som vert sett i karantene eller får påvist koronasmitte melder dette til rektor på ingunn.folgero@skole.rogfk.no. Skulen kan ikkje vedta å setje folk i karantene, og difor må de handsame dette med helsepersonellet de er tilknytt og deretter gi skulen melding dersom smitte eller karantene. De treng ikkje melde frå dersom lækjar har kome fram til at de ikkje skal i karantene.