Minner russen på å inkludere kvarandre

 

 

Helsesjukepleiarane og rådgjevarane på skulen vil oppmuntre Brynerussen til å inkludere kvarandre i tida framover.

I ei tid der me blir oppfordra til å begrense talet på nærkontaktar, er det mange som kan kjenne seg utanfor. Då er det ekstra viktig å sjå seg rundt og spørje om dei rundt deg har nokon å vere med, også dei som ikkje er i gruppa di.

Sosialpedagogisk rådgjevar June Iren Rød og helsesjukepleiar Elin Remme oppfordrer russen sterkt til å vere saman klassevis under dåpen i helga. Viss alle klassane gjer det på denne måten, blir alle inkluderte. Hugs også at de kan møtast fleire viss de er ute, og hugser å halde avstand, minner dei på. Det skal så lite til, men det betyr veldig mykje for dei som er aleine, seier dei, og ønskjer alle ei fin og inkluderande russetid.