NM i klima 2021

Logo for NM i klima 2021 - Klikk for stort bileteNM i klima 2021 

I veke 4 og 5 (26. januar - 9.februar) deltek alle elevar og tilsette ved skulen i konkurransen NM i klima.  

Konkurransen går ut på at alle skal gjere ulike tiltak for redusere CO2-utslepp. Elevar og tilsette skal loggføre ulike klimapositive aktivitetar via ein nett-app.  Aktivitetane er delte inn i ulike tema: mat, transport, energi og forbruk. Det tar kort tid å loggføre aktivitetane kvar dag.

Elevar og tilsette vil bli delt inn i lag, elevane i klasselag og dei tilsette i avdelingslag.

I tillegg til å konkurrere mot dei andre laga internt, konkurrerer samstundes skulen mot andre vidaregåande skular i Rogaland og skular i andre fylke. For å bli den beste skulen, må minst halvparten av alle på skulen delta.

Fredag 22. januar vil det bli Kick-off for elevar og tilsette der mellom anna representantar for Natur og ungdom vil delta. Dette arrangementet vil bli overført via YouTube. Du kan sjå arrangementet her: Kick-off for NM i klima.

 

Slik logger du deg på konkurransen

 

1. Logg inn via denne lenka: Pålogging til NM i klima 2021

2. Registrer deg med Google, Facebook eller e-post. Viss Google-  eller Facebook-kontoen din er kopla til eit mobilnummer, må du bruke e-post for å registrere deg.

3. Når du er logga inn, legg du inn lagkoden din for å bli med på konkurransen. Du treng berre koden første gong du går inn. Du vil få tilsendt kode på SMS i god tid før konkurransen begynner. Ta kontakt med kontaktlærar eller tillitselev dersom du ikkje har fått kode . Tilsette vil få kode frå lagleiar.