Konkurransen går ut på at alle skal gjere ulike tiltak for redusere CO2-utslepp. Elevar og tilsette skal loggføre ulike klimapositive aktivitetar via ein nett-app. Aktivitetane er delte inn i ulike tema: mat, transport, energi og forbruk. Det tar kort tid å loggføre aktivitetane kvar dag.
Elevar og tilsette vil bli delt inn i lag, elevane i klasselag og dei tilsette i avdelingslag.
I tillegg til å konkurrere mot dei andre laga internt, konkurrerer samstundes skulen mot andre vidaregåande skular i Rogaland. For å bli den beste skulen, må minst halvparten av alle på skulen delta.
Slik logger du deg på konkurransen
1. Logg inn via denne lenka: Pålogging til NM i klima 2022
2. Registrer deg med Google, Facebook eller e-post. Viss Google- eller Facebook-kontoen din er kopla til eit mobilnummer, må du bruke e-post for å registrere deg. Viss du var med på konkurransen i fjor kan du logge deg på med same e-post og passord.
3. Når du er logga inn, legg du inn lagkoden din for å bli med på konkurransen. Du treng berre koden første gong du går inn. Du vil få tilsendt kode på SMS i god tid før konkurransen begynner. Ta kontakt med kontaktlærar eller tillitselev dersom du ikkje har fått kode . Tilsette vil få kode frå lagleiar.