Nye nettsider

Kvinne og mann ser på ein skjerm - Klikk for stort bilete

Nytt design og ny navigasjon for nettsidene våre! Bryne vidaregåande skule er først ute med å lansere nye nettsider av dei vidaregåande skulane i fylket.

Alle dei andre vidaregåande skulane lanserer nye nettsider torsdag 12. desember.

Kva er nytt?

Vi tek det mest openbare først.

Forsidedesignet har fått ei solid overhaling og sidene er blitt meir tidsriktige. På forsida vil du sjå større bilete, tydelegare titlar og meir luft. Det er laga fleire nye inngangar til innhaldet og eit tydelegare søkjefelt med god søkjefunksjonalitet. Alt for å gjere det lettare for deg som brukar å finne det du leiter etter. .

Den berande ideen i utviklinga har vore å sette brukaren i sentrum, og målet har vore å lage nettsider som blir opplevd som nyttige og relevante for alle.

I tillegg har nettsidene våre, med forside, artiklar og tenester, fått nytt og friskt utsjåande. Nettsidene er bygde opp på ny, heilt frå botnen av. Alt du ser, og mykje du ikkje ser, er altså nytt. Dette er den største restruktureringa vi har gjort på mange, mange år! Og vi er no endå betre rusta til å møte framtida vi har framfor oss.

Kva betyr det for deg?

Vel, forhåpentleg ikkje så altfor mykje.

Sidene vil laste raskare og sikrare enn før. Og du bør finne fram til oppdatert og riktig innhald på ein enklare måte. Nettsidene vil òg fungere mykje betre på mobil enn tidlegare.