Opning av skulen for alle elevar 2. juni

   

Kjære elevar

Tysdag 2.juni opnar skulen for alle elevane.

Her finn du retningslinjer for smittemittevern (DOCX, 28 kB) som du må lese før du kjem.

Dei  fleste av dykk har vore på skulen dei siste vekene i større eller mindre grad. Veka som kjem er siste veka med undervising på fellesfag fordi fellesfag har gått ein time ekstra i veka gjennom året slik at dei får alle timane dei skal ha før me set standpunkt. Mange klassar har vurderingar denne veka, og difor vil de merke at de kjem individuelt til skulen for å ha munnleg høyring i staden for ordinær klasseundervising. Det kan også vere at lærar har laga ein plan som ikkje kan snuast på så kort tid og då gjev læraren melding om at det vert nettundervising i det faget denne veka, slik de hadde planlagt i utgangspunktet. Onsdag skal mange ha mattevurdering heildag.

Avslutning og bokinnlevering får de melding om frå kontaktlærar.

Kantina sel påsmurt i A og C-bygg.

  • Dei to nedste etasjane i alle bygg får pause og kan kjøpe mat 10 min før friminutt. Dei to neste etasjane kan gå i sjølve friminuttet og i istorefri ifrå 11.40.  Dersom det er god plass kan du gå i kantina sjølv om det ikkje stemmer med dette oppsettet. Me bed om at de sit ute, men det er lov å sitje i kantina også dersom de held avstand og smittevernreglar.

Inngong:

B-bygg:

  • 1.etg b- bygg går inn sør-enden,
  • 2. og 3.etg i b-bygg går inn i nordenden

C-bygg:

  • Bygg går inn sørenden, Tip nordenden i c-bygg

A-bygg:

  • Vg1 går inn sør i a-bygg og vg2 og vg3 går inn nordenden.

 

Varmt velkomne skal de vere. Det blir ei stor glede å samlast att.