Oppdatering om Covid-19 på Bryne vgs.

 

Både nærkontaktar og personar med symptom har testa seg, og så langt har alle prøvesvar vore negative. 

Etter at ein elev ved Bryne vidaregåande skule fekk påvist smitte av covid-19 måndag denne veka, vart 24 personar sett i karantene. Nærkontaktane er oppmoda om å testa seg, det same er elevar og tilsette ved skulen som får symptom på luftvegssjukdom.

På tysdag var det rekordstort antall som testa seg ved luftvegslegevakta på Kleppe. Over 600 testa seg denne dagen, og ein del av desse var personar med tilknyting til Bryne vidaregåande skule. Så langt er alle prøvesvar negative, det same er prøvesvar frå nærkontaktar som testa seg andre stadar i regionen.