Oppstart frå 11.mai

Kjære alle elevar ved Bryne vgs

Det er ei stor glede å få opne skulen att. Det vert ikkje vanleg skule slik det var før 13.mars, men ei veksling mellom skule og nettundervising. 

Alle fellesfag vert underviste via nett, med mindre faglærar gjev melding om anna ordning. Mange teoretiske fag vil også halde fram via nettundervising. Kontaktlærar og faglærar vil informere dykk via kanalane de kommuniserer i til dagleg. Vg1 og vg2 får informasjon frå kontaktlærar og faglærar på måndag. Yrkesfaga held fram som før, men somme får fleire økter på skulen.

Grunna smittevern kan me ikkje vere 30 elevar i klassen. Transporthøva gjer også at det er vanskeleg å reise fram og tilbake til skulen i løpet av dagen. Difor må mykje av undervisinga framleis skje via nett. Me må prioritere gjeldande vurderingsplan og i tillegg har lærar dialog med klassen om kva fag/økter det vert undervist i på skulen og kva økter som har undervisning via nett. 

De startar opp i denne rekkefølgja:

Måndag 11.mai:

Vg3 - somme elevar, og de får melding frå faglærar.

VO-kveld

Tysdag 12.mai:

VO dag og Innføringsklassar

Onsdag 13.mai:

VG1 - sjå vurderingplan og vent på info frå kontaktlærar og faglærar om stad og tidspunkt

Torsdag 14.mai

VG2 - sjå vurderingsplan og vent på info frå kontaktlærar og faglærar om stad og tidspunkt

 

Generell info

De kan ikkje nytte bokskapa i denne perioden.

De må gå på høgre side i alle trapper og gangar

De må elles følgje smittevernveiledar som er lagt ut på skulens heimeside 7.5 og skilting og info om smittevern på skulen.

De kan kjøpe mat i kantina, men må sitje i klasseromma og ete. De skal sitje i dei klasseromma de har hatt timr i og ete der. De vil også få info om at ulike trinn har ulike gangareal.

Alle må desinfisere hender, pultar og stol ved timens byrjing og slutt. Me har sett ut desinfisering.