Parkering på Bryne vidaregåande skule
Bryne vgs har dessverre ikkje gjesteparkering. Skulen har god sykkelparkering, men begrensa plass til mopedbil, moped og ATV for elevar. Me har ikkje traktor- eller bilparkering for elevar.
Tilsette betaler for å stå parkert på skulen sitt område.
Publisert 15.03.2022 10.03
Sist endret 15.03.2022 10.09
Her er ein oversikt som viser kor du kan og kor du ikkje kan parkere:
Rød: Dette er brannvegar som går inn til skulen. Her kan ingen kjøretøy stå parkert, då det sperrer for utrykkingskjøretøy. Kjøretøy som står parkert der blir tauet bort på eigaren si rekning.
Gul: Her kan du stå parkert mot parkeringsavgift.
Grøn: Her kan elevar parkere mopedbilar, mopedar og ATV'ar, men ikkje personbilar og traktorar. Skulen er ikke ansvarleg for korleis elevane parkerer, så lenge det er innføre dei oppmerka områda.