Plan for veke 50 - veke 2: Raudt nivå

Bryne vgs er på raudt nivå frå onsdag 15.desember 2021. Me går inn i siste del av 1.termin og prioriterer vurderingssituasjonar på skulen.

På studiespesialiserande og påbygg møter elevane på skulen når det er vurdering. Utover det har elevane digital undervising. Elevar skal logge seg på i byrjinga og slutten av kvar digitale økt.

AT, VO, KLT, Innføring, UP  går fulltid på skulen.

Yrkesfag: Elevane går på skulen i alle programfaga og når det er vurderingar i fellesfag. Når fellesfaga ligg mellom programfagstimar, kan elevane rekne med at lærar gjennomfører undervisinga på teams, men klassen set i klasserommet.

Avvik frå det generelle:

Sal, service og reiseliv skal gå annakvar dag. Avdelingsleiar ordnar informasjon til desse.  

Vaksenopplæring: Fellesfag på dagtid vert gjennomført digitalt.

Helse og oppvekst:

Før jul: Alle klassane kjem på skulen for vurderingar. Elles er det digital heimeundervisning, både i programfag og fellesfag.

Etter jul: Vg1 skal vere på skulen veke 1 og vg2 skal vere på skulen  veke 2 i alle timar. Det kan hende at fellesfag går digitalt, men framleis ved at elevane dei vekene er på skulen, sit i klasserommet når læraren underviser digitalt.

Kroppsøving er digitalt fram til 12.januar.

I kantina teipar me annakvar sitjeplass. Vg1 får gå til pause 5 min før friminutt. Bokskapa vert opne.

Me har prioritert vurderingssituasjonar. Det gjer at me treng klasseromma til å dele opp desse gruppene som skal ha vurderingar i fleire klasserom, slik at me kan oppretthalde smittevern i vurderingssituasjon.

 

Nokre spørsmål me har fått:

  • Skal vi avlyse avslutning med klassen? Ja.

 

  • Skal øktene med digital undervisning gjennomførast på ein bestemt måte? Ja, økta skal innleiast med at alle har kamera på og gjer seg til kjenne. Lærar skal ha dialog med elevane både i oppstart og i avslutning av kvar digitale økt.

 

  • Elevane skal også møte digitalt til kontaktlærartime.