Rekrutteringsdag for Restaurant- og matfag

 

 

I dag, torsdag 18. november, har det vore rekrutteringsdag for Restaurant- og matfag på skulen.

 

 

Kokk Aron Espeland, som har vunne fleire utmerkingar som kokk, og var med å vinne OL-gull med Det Norske Kokkelandslaget i Stuttgart i 2020, har vore med på rekrutteringsdagen. Han har hatt ein gild dag i lag med elevane, og er imponert over dei. Han håper at han, som ikkje er så mykje eldre enn elevane, og som lever av å vere kokk, kan inspirere ungdommane, og vere med på å gje dei lyst til å velje restaurant- og matfag og kokkeyrket.

 

 

 

 

Elevane laga ein 3 retters meny til 70 personar på 2 1/2 time, og var overraska over at dei fekk laga så "avansert" mat. Dei synest også det har vore gildt å lære å dandere maten på tallerken og lage pølser. Elevane på rekrutteringsdagen likar godt å lage mat, og fleire av dei har fått meir lyst til å begynne på restaurant etter denne dagen.