Retningslinjer om koronaviruset

På denne sida finn du informasjon frå Utdanningsdirektoratet, Folkehelseinstituttet og andre offentlege instansar om kva for råd og reglar som gjeld i skulen, med tanke på koronaviruset.

Oppdaterte smittevernrettleiarar


 

Opplæring til elevar som ikkje kan møte på skulen

Skulen må finne løysingar som sikrer at elevar som ikkje kan møte på skulen får opplæring heime. Dette gjeld elevar som har milde luftveissymptom, eller føler seg sjuke, og elevar som er i karantene og isolasjon.

 

 

Informasjon til alle foreldre om koronasituasjonen

Kunnskapsdepartementet har laga ei samleside for foreldre til barn i barnehage og skule, med informasjon om ulike tema.