Russetid og skulemiljø på Bryne vgs.

 

 

I samband med russetida gjeld dei same reglane for skulemiljø som elles i året. 

På Bryne vgs skal alle elevar ha eit trygt og godt skulemiljø ifølge § 9a i Opplæringsloven. Det betyr nulltoleranse for krenking og mobbing.

Elevar på Bryne vgs skal ikkje ha terrorliste eller andre formar for lister og aktivitetar som heng ut andre elevar. Ved mistanke om denne type aktivitet, vert det oppretta §9a-sak på den/dei ansvarlege. Brot på § 9a kan føre til konsekvensar omtalt i ordensreglementet.