Russetida har begynt - korleis gjere den trygg og god for alle?

 

 

Russetida er allereie i gang, og ungdommane skal ta ei rekke val som kan vere både utfordrande og vanskelege.

Det er ingen av oss som veit kva slag begrensingar pandemien vil setje for russeaktivitetane, men forventningane vert skrudde opp blant russen om å kunne ta tilbake ei feiring i tråd med gamle tradisjonar, på godt og vondt.

Det er flott at russen ønskjer at russetida skal vere ei tid med felleskap, med deling av felles og positive opplevingar.

Det er likevel nokre men med dagens feiring.

· Er det nødvendig med dyre russebussar, som har eigne opptaksreglar som utfordrer grensene for alkoholbruk og seksuell trakassering?

· Auker kvaliteten på fellesopplevingar med mengden alkohol som vert konsumert?

· Skal den kule russefeiringa vere for dei som har råd til å vere med i dei dyraste bussane og dei råaste festane - styrt av kommersielle aktørar?

· Er det ok at det er naboane som skal rydde opp søppelet dagen derpå, etter improviserte festar i våre felles friområde?

· Eller kan overgangen til en ny livsfase feirast på andre og mindre kostbare måtar, der alle vert inkluderte og respekterte?

 

Vi ønskjer å bidra til ei god og trygg russetid for alle årets russ. Dette krev eit tett samarbeid mellom ulike aktørar som kjenner til utfordringar som kan oppstå i russetida.

Viktigast av alle er de som er foreldre til årets russ, som har nærkontakt med dei som no skal feire at 13 års skolegang går mot slutten.

Vi inviterer til møte for å dele tips og erfaringar om den gode russetida. Du møter både ungdommar, politiet, mobbeombud, helsesjukepleiarar, kommunane og skulane som deler sin kunnskap om god og dårlig praksis.

 

  • Stad: Storstova kulturhus, Bryne. Lokalet har plass til 250 personer.
  • Tid: 29. oktober, klokken: 18-20

Påmeldingsfrist er torsdag 29.10 kl. 15.00. 

Påmelding

 

Ønsker du å stille spørsmål til ein av våre ressurspersonar?
Send inn spørsmål før møtet eller undervegs i møtet:

Send inn spørsmål

Følg og sjå møtet i Storstova her:

Strømming av møtet