Septemberbrev frå rektor

Kjære elevar, føresette, tilsette og alle andre som er ein del av Bryne vgs

Om ei veke skriv me haustferie, og eg vil nytte høvet til å oppsummere og uttrykke takksemd for å vere rektor ved Bryne vgs.

Me har hatt ein fin oppstart av skuleåret.  I desse dagar har me triangelmøte, der me evaluerer elevane sin oppstart og utvikling så langt på Bryne vgs. Stoda er god. Elevane har funne seg godt til rette. Klassemiljøturane har ført til tette band i klassane og me trur tryggleiken mellom elevane er noko av årsaka til at mange elevar ønskjer å vere tillitsvalde og sitje i råd og utval på skulen.

Det er viktig for oss at elevane kjenner engasjement og motivasjon i skulekvardagen, og stor interesse for tillitsvaldposisjonar er eit godt teikn.

Gjennom Læringsråd diskuterer lærarar og elevar undervisingskvalitet. Lærarane har lang utdanning og mykje erfaring og gjennom læringsråd praktiserer me å fremje innspel og synspunkt på demokratisk og respektfull måte saman med elevane. Samfunnet treng at elevane har øving og erfaring i å fremje synspunkt og erfare kva det vil seie å delta i eit fellesskap og demokrati. Somme gonger vinn ein fram, andre gonger ikkje. Uansett: Synspunktet og innspelet til kvar og ein er viktig.

Elevrådet arrangerte onsdag 27.9 innsamlingsaksjon til Hei Verden. Eg håper timane vart nytta godt og at innsamla midlar kjem medelevar i Zambia til gode.

Grunna at mange tilsette ventar barn, har me lyst ut 6 stillingar. Me har mange gode søkjarar og gler oss til å ta imot nye, dyktige lærarar til elevane våre.

Eg håper de som les dette skrivet har hatt like gode erfaringar med oppstart som eg har hatt. Og om det skulle vere noko som ikkje er heilt slik du såg føre deg, set me stor pris på om du tek kontakt. Me vil skape best moglege dagar for alle elevane og familiane deira.

Helsing Ingunn Folgerø, rektor