Skriftlege eksamenar er avlyste

 

Regjeringa har valt å avlyse alle skriftlege eksamenar for elevar i vidaregåande skular denne våren.

Elevane vil likevel få vitnemål med utgangspunkt i standpunktkarakteren. Det er av omsyn til smittevern og spreiinga av koronaviruset at eksamen vert avlyst, og konsekvensane for ordinære elevar blir små.

Kva med munnleg eksamen?

Det er fortsatt ikke endeleg avklart om det blir munnleg eksamen. Kunnskapsdepartementet tar ei avgjerd om det etter påske.

Privatistar og lærlingar

Det vert arbeidd vidare med løysingar for privatistar og lærlingar. For desse er konsekvensane av å avlyse mykje større enn for vanlege elever. Dei risikerer å bli forsinka i utdanningsløpet sitt.

Førsteprioritet no er difor å sikre at desse gruppene får hatt eksamen, fag- og svenneprøver samt andre avsluttande prøvar.