Skuleval 2023

Bryne vgs skal delta i skulevalet måndag 28/8

Elevane våre har vore på skuledebattar og valtorg i Kulturbanken i veke 34 med ungdomspolitikarar. Mellom anna gjekk debattane inn på fråværsgrensa, rus, miljøtiltak, kollektivtransport, energi og psykisk helse. Gjennom desse aktivitetane og arbeid med politiske parti i undervisninga har dei sett seg inn kva saker dei ulike partia er opptekne av og kva som skil dei frå kvarandre.

Skuledebatt i Kulturbanken

I neste veke skal altså elevane røyste på det partiet dei er mest einige med ut frå det dei har lært. Dette er ei god øving i korleis eit val faktisk går føre seg.

Skulevalet er nettopp ein arena for demokratiopplæring, der elevane sjølv kan delta aktivt i politiske diskusjonar, få kunnskap om ulike politiske retningar og gi eiga stemma.

Som Udir skriv på nettsidene sine "Skuleval, skuledebattar og valtorg skal gi elevane opplevinga av å vere ein aktiv medborgar i eit demokrati, og gje dei ei praktisk innføring i demokratigrunnlaget". Skulevalet er ein del av oppdraget til skulane for å fremje demokrati og medborgarskap, og oppfyller kompetansemål i læreplanen. 

Resultata frå alle skulevala i Noreg vert publiserte tirsdag 5/9 23 klokka 19.00

Kjeldar: 

Sikt: https://sikt.no/skolevalg 

Utdanningsdirektoratet: https://www.udir.no/utdanningslopet/videregaende-opplaring/skolevalg/hva-er-skolevalg/