Smitte blant russen

  

Alle som har delteke i russefeiring må testa seg. 

Seks smittetilfelle

Det blei måndag kveld registrert seks smittetilfelle hjå russ på Nord-Jæren. Smittesporing pågår.

Det er usikkert kor mange av russekullet på 2500 ungdommar som har delteke i feiringa den siste tida. Oppfordringa til russen er at dei innstiller treff og rulling fram til situasjonen er avklart. 

To testar

Alle som har delteke i russefeiring må ta test to gonger, med fem dagars mellomrom, og halde seg i heimekarantene til det foreligger negativt svar på fyrste test.

Blir du rekna som nærkontakt til ein som er smitta, må du vera i karantene i 10 dagar uavhengig av om første test er negativ.

Husstandsmedlemmer uten symptom treng ikkje testa seg. Det er viktig at alle som får symptom, tester seg

Undervisning

Lærarane på skulen prioriterer undervisning til elevane som er på skulen, og legg til rette for dei som er i heimekarantene så langt det lar seg gjere.

Ventekarantene

Kommuneoverlege i Time, Øystein Øgaard, skriv dette om ventekarantene:

Ventekarantene vart innført då meir smittsame virusvariantar vart dominerande på nyåret. Hovuddelen av smittesporingsarbeidet dreier seg om å finna nærkontaktar til dei smitta, og setta desse nærkontaktane i smittekarantene. Ventekarantene gjeld for husstandsmedlemmene (eventuelt òg kjærastar) til nærkontaktane. Det heiter vente-karantene fordi dei må venta til nærkontakten har testa negativt på fyrste test, før dei kan gå ut av ventekarantenen.

Folkehelseinstituttet anbefaler ikkje å setta andre enn husstandsmedlemmene og eventuelt kjærasten i ventekarantene. I Time kommune fylgjer me denne anbefalinga, og det vil derfor som regel ikkje vera aktuelt å setta heile barnehageavdelingar eller skuleklassar i ventekarantene. Erfaringa viser at denne praksisen er trygg, og at me klarer å stoppa smitten relativt raskt når det oppstår smitte blant barnehagebarn og elevar.