Sommarskulen 2020

Sommarskulen 2020 er utvida med fleire fag og gjeld no for både elevar med stryk (kar.1) og ikkje vurdering (IV).

  • Elevar som har karakteren 1 til standpunkt og/eller 1 til eksamen og går opp til eksamen same år som dei stryk, skal opp til eksamen for elevar.
  • Elevar som tar ny eksamen etter eitt eller fleire år, og dei med IV skal opp til privatisteksamen. Gjeld også for lærlingar.

Følgende fag blir prioritert:

  • Matematikk 1P-Y
  • Samfunnsfag, både yrkesfag og stud.spes.
  • Naturfag Vg1, yrkesfag
  • Religion og etikk
  • Kroppsøving Vg2 og Vg3
  • Historie
  • Norsk Vg2 yrkesfagleg
  • Norsk Vg3 Studieførebuande munnleg

Sommarskulen 2020 har oppstart torsdag 18. juni og avsluttar med eksamen onsdag 1. juli. Felles sensur går 18. og 19. juni.

  • Påmeldingsfrist for IV-elevar 25.mai
  • Påmeldingsfrist for elevar med stryk er 2. juni

Meir informasjon og påmelding

Til toppen