Sommarskulen 2022

Øyvind Nesvåg

 

 

Sommarskulen er eit gratis tilbod til deg som har stryk eller ikkje vurdering (IV) til eksamen eller standpunkt. 

Undervisninga starter torsdag 16. juni, og slutter med eksamen onsdag 29. juni. Tilbodet gjeld elevar, tidlegare elevar og lærlingar.

Kva er sommarskulen?

Sommarskulen gir deg ein ny sjanse til å sikre deg karakter og vurdering i eit fag du mangler.

Kven kan vere med på Sommarskulen?

Du har karakteren 1 eller IV i eit av faga som Sommarskulen tilbyr, og du må ha vore elev i dette faget heile skuleåret du hadde det.

Du tilhøyrer ein av kategoriane nedføre: 

  • Du er elev på ein vidaregåande skule i Rogaland dette skuleåret. 
  • Du er tidlegare elev som har gått ut av ein vidaregåande skule i Rogaland.  
  • Du er lærling i bedrift med lærekontrakt i Rogaland.   
  • Du har vore lærling med lærekontrakt i Rogaland, har avlagt fagprøve, men mangler eit av fellesfaga.