Sommarskulen

Rogaland fylkeskommune tilbyr i juni gratis sommarskule for deg som har stryk eller ikkje vurdering (IV) til eksamen eller standpunkt. Tilbodet er for elevar, tidlegare elevar og lærlinger som har fullført faget.

  • Elevar som har karakteren 1 til standpunkt og/eller 1 til eksamen og går opp til eksamen same år som dei stryk, skal opp til eksamen for elevar.
  • Elevar som tar ny eksamen etter eitt eller fleire år, og dei med IV skal opp til privatisteksamen. Gjeld også for lærlingar.

 

Fag med nye læreplanar:

  • Matematikk 1P-Y For elever som har 1 i standpunkt og ikkje har vore trukne ut til skriftleg eksamen.
  • Naturfag, vg1 YF
  • Naturfag, vg1 studforb.
  • Engelsk, vg1 YF For elevar som har 1 i standpunkt.

Fag med gamle læreplanar:

Matematikk, 1P-Y 

Naturfag, vg1 YF 

Naturfag, vg1 studforb. 

Engelsk, vg2 YF ENG 1003/1103 For elevar som har 1 i standpunkt.

Geografi, vg1 studsp. og vg2 studforb. 

Samfunnsfag, vg1 studsp. og vg2 studforb. 

Kroppsøving, Vg2 YF 

Kroppsøving, vg3 studsp. og studforb. 

Historie, vg3 og vg4 påbygg 

Historie, vg3 studsp. og studforb. 

Norsk, vg2 YF 

Religion og etikk, vg3 studsp. og studforb. 

Sommarskulen 2021 har oppstart torsdag 17. juni og avsluttar med eksamen onsdag 30. juni. 

  • Påmeldingsfrist for IV-elevar 25.mai
  • Påmeldingsfrist for elevar med stryk er 2. juni

Meir informasjon og påmelding (påmeldingsskjema er ikkje klart)

Til toppen