Sosiale aktivitetar

Denne hausten har me starta med friminuttsaktivitetar på Bryne vgs. Lærarar er med fleire av dagane, og elevrådet tek ansvar tysdagen. Sjølv om det er sett av tid og stad til dei ulike aktivitetane, er det berre kjekt om de strikkar eller speler gitar eller speler Uno kvart storefri.

To elever som speler gitar - Klikk for stort bildeDesse aktivitetane kan du velje mellom:

Ulike typer kortspel og brettspel - Klikk for stort bilde  

Kvar dag

Gitar: Me har kjøpt inn 4 gode akustiske gitarar. Dei kan lånast på biblioeteket og nyttast til samspel i eit grupperom ved sida av biblioteket.

Spel: Biblioteket set fram ulike brettspel de kan låne og spele i området utføre biblioteket. Me kjøper også inn fleire UNO-kortstokkar. 

Bordtennis i 1-etasje b-bygg. Elevrådet er med kvar tysdag.

 

Portrett Evy Utbjoa - Klikk for stort bilde  

Portrett Magnus Setså  - Klikk for stort bilde  

Måndagar 

Strikking i sofakroken i biblioteket 2. etasje, bygg A: Ta med eige strikketøy eller lån av skulen når du møter opp.. Lær å strikke din første strømpe med hjelp frå Evy.

Lese/diskusjonssirkel teikneseriar. Møt opp på biblioteket. Magnus ansvarleg

Tysdagar

Brettspel i c-bygg (første rom til venstre etter inngang) Elevrådet har ansvar.

Brettspel b-bygg (i andre enden av gangen ved utsalet) Elevrådet har ansvar.

Torsdagar

Film og TV-serieklubb på C1123– Dei som vil sjå på film og TV-seriar møter opp i auditoriet i c-bygg. Sigve og Sigbjørn har ansvar.

Elevar som speler sjakk - Klikk for stort bilde 

Fredagar

Sjakk i området utføre biblioteket. Kim S. ansvarleg

Til toppen