Stenging av pålogging til InSchool

Rogaland fylkeskommune skal gå over til eit nytt ERP-system, eit system som blir brukt til å handtere mellom anna økonomi, løn og innkjøp. Medan det nye systemet blir sett opp blir InSchool stengt.

Frå laurdag 13. desember 2025 til og med sundag 4. januar 2026 vil det difor ikkje vera mogleg å logge seg på InSchool for elevar, tilsette og føresette.

Før dette skjer må alle elevar gjere to ting:

  • Lagre kopi av eigen timeplan for veke 51 og 2 innan 12. desember
  • Sjekke fråværsprosent for alle fag innan 12. desember

 

Det vil ikkje vera mogleg for elevar å sjekke eige fråvær i stengeperioden i InSchool. Det vil heller ikkje vera mogleg å levere søknader eller dokumentasjon for fråvær i stengeperioden.

Kontaktlærar og faglærar vil kommunisere med elevane som vanleg via Teams i perioden InSchool er stengt. 
Ta kontakt med skulen dersom de har behov for informasjon og hjelp i stengeperioden.