Toppidrett for elevar på Studiespesialiserande og Bygg- og anleggsteknikk

Ungdommer som spiller fotball i en innendørshall - Klikk for stort bildeToppidrett - fotball 

Elevar som skal gå på studiespesialiserande utdanningsprogram eller bygg- og anleggsteknikk kan velge toppidrett fotball eller toppidrett handball som programfag i vg1. 

Då får du kombinere vidaregåande utdanning med ekstra trening eller satsing på eigen idrett. Toppidrett på vg1 er eit 5-timars programfag med eigen standpunktkarakter.

For elevar på studiespesialiserande kjem desse timane på toppen av dei ordinære timane (30 timar i veka) slik at dei har 35 timar i veka. Ordinært timetal for bygg- og anleggsteknikk er 35 timar i veka så her er det ingen forskjell for elevar som vel toppidrett.  

Studiespesialiserandre med toppidrett eller bygg- og anleggsteknikk med toppidrett er ikkje søknadsalternativ i VIGO. Det er først når du kjem inn på eit av desse utdanningsprogramma ved skulen og har takka ja til skuleplassen at du kan velge toppidrett.

Det kan også vera mogleg med toppidrett innan andre idrettar, ta kontakt med avdelingsleiar for idrett Klaus Beschel dersom dette er aktuelt. 

Til toppen