Truslar mot skulen

Oppdatert informasjon om truslar om skoleskyting

Eg viser til informasjon på heimesider og sms-varsling til elevar og lærarar om å møte på skulen. Politiet har vurdert situasjonen til oppringingar på Bryne vgs og ei rekke andre skular i distriktet i dag og i går, samt fleire skular rundt om i landet dei siste vekene.

Kripos etterforskar saka, og politiet skriv i ei melding til skulen nå i føremiddag at trusselbiletet ikkje er endra. Det er svært lite truleg at truslane er reelle, og difor bør skuledagen fortsetje som planlagt. Alle elevar må møte til ordinær undervisning onsdag, og all undervising går som planlagt. Sjølv om fråværet ikkje var teljande tysdag 28.1.20, vil det telje frå og med onsdag. Rektor ønskjer at alle skal ha ein trygg skulekvardag og har full forståing for at situasjonen skaper uro og redsel. Dei som er engstelege kan ta kontakt med skulehelsetenesta på skulen. Dei er tilgjengelege på kontora sine onsdag. Politikontakten i Time Elfrid Vestbø kan kontaktast for spørsmål og oppfølging om de treng det. Politiet har høg kompetanse på området og meldinga frå fylkesdirektør Joar Loland og politiet er at me held oss til politiets rådgjeving i saka.

Helsing Ingunn Folgerø - rektor