TV-debatt om språk, kultur og identitet på Bryne vgsFredag 3. september kjem fleire av listetoppane frå dei ulike partia i Rogaland til Bryne for å debattere norsk språk. Debatten tek utgangspunkt i språk, kultur og identitet. Publisert 31.08.2021 08.39 Sist endra 05.08.2023 19.41 Rogaland Mållag, Noregs Mållag, Bryne vidaregåande skule og Garborgsenteret er arrangørar av debatten. Debatten er ein TV-studiodebatt som skal sendast direkte via YouTube til andre skular og til alle interesserte. Vi sender ut ei pressemelding om arrangementet.Tema for debatten er Språk, kultur og identitet. Debatten blir sendt direkte kl 12:00-13:00 fredag 3. september.Debattleiarar er Svein Olav B. Langåker (redaktør i Framtida.no) og Synnøve Marie Sætre (nestleiar i Noregs Mållag). Her finn du YouTube-kanalen: Bryne VGS Streaming YouTube