Tysdag 29/9

Same retningslinjer for undervisning gjeld framleis: fellesfaga og programfaga på studieførebuande, studiespesialiserande og i påbyggsklassane går digitalt. For yrkesfaglege utdanningsprogram vert all undervisning i programfag på skulen, med unnatak for klassane på helse- og oppvekst som har alt digitalt. 

Elevane som går på studiespesialiserande, medium og kommunikasjon, idrettsfag eller påbygg kan møte opp på skulen og fylgje digital undervisning frå klasserom eller grupperom. 

Dersom du, etter å ha prøvd mange løysingar, ikkje klarer å kome til programfagsundervisninga på yrkesfaglege utdanningsprogram, må du sende mail til avdelingsleiar og finne løysing saman.

Lærarar som har avtalt vurderingssituasjonar kan gjennomføre desse på skulen dersom alle elevane i klassen kan møte. Elevar skal gjere sitt ytste for å kunne kome til skulen i desse vurderingssituasjonane. Lærar avgjer kva form vurderingane skal ha dersom dei ikkje kan gjennomførast som planlagt.

Alle som skal i praksis må møte der som avtalt. 

Alle må følgje med på skulens heimeside for oppdateringar. Dersom streiken vert avblåst, skal de kome på skulen tysdag eller snarast råd etter at streiken er avblåst.

Fråvær vert registrert, men kjem ikkje på vitnemål.

Det kjem ny oppdatering om situasjonen tysdag klokka 14. Truleg vert det opna for meir ordinær undervisning på onsdag. 

Beste helsing rektor